Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Pulsen - fire fotografar og eit nedlagt smelteverk

Fire fotografar, eit nedlagt smelteverk, menneske frå Odda. Leif-Erik Bru, Kari Hauger, Øystein Nilsen og Dan-Erik Aggvin har brukt kameraet til å ta pulsen på Odda smelteverk det siste året. Resultatet vert utstilt i søndre administrasjons-/portbygg 14.-17. juni kl 12.00-ca 22.30 og 18. juni kl 12.00-15.00.
<B>Odda smelteverk</B> gjekk konkurs i 2003, etter ein lengre periode med nedbygging. Etter over 90 år som hjørnesteinsbedrift midt i Odda sentrum har fabrikken sett sine spor i lokalsamfunnet.

<B>Leif-Erik Bru</B> har røtter frå oddaområdet, og kjenner fabrikken på same måten som dei fleste oddingane - frå utsida. På fabrikkområdet såg han mange spennande motiv og ønskte i utgangspunktet å bruke nokre dagar sommaren 2005 til å "leike" med kameraet saman med <B>Kari Hauger</B> og <B>Øystein Nilsen</B>. Dei fekk kontakt med den einaste oddingen i kvartetten, <B>Dan-Erik Aggvin</B> og saman vart dei oppslukt av eit miljø med former, fargar, vindauge, dører, linjer som ein ikkje ser når ein vanlegvis flyr forbi den nedlagte fabrikken som står i forfall. Vinteren 2006 kom dei att for ein ny runde med fotografering, denne gongen med større fokus på å dra oddingen inn som modell i dette unike miljøet.

Det er fotografert på svart-kvitt film og med digitale speilreflekskamera i farge, og i tillegg til kring 50 bilete på vegg inneheld utstillinga ei om lag 12 minutt lang tonesett lysbileteframvisning.
 Øystein Nilsen -
Øystein Nilsen
Leif-Erik Bru -
Leif-Erik Bru
Kari Hauger -
Kari Hauger
 Dan-Erik Aggvin
<br><br>
 -
Dan-Erik Aggvin <br>

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu