Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Fragmenter, Odda Smelteverk

Fotograf Morten Gjerde viser bilder fra det som fortsatt står igjen etter at smelteverket la ned sin virksomhet i 2002. Fragmenter fra Odda's største arbeidsplass gjennom over 100 år presenteres som følsomme motiver satt opp i en utstilling som denne gangen vises i tilknytning til oppsetningen av teaterstykket Bikubesong av Frode Grytten i Oslo's kulturstue: Det Norske Teatret.
Odda Smelteverk var verdas største karbidfabrikk då flammane for første gong lyste opp natta i den trange Odda-dalen.
Og sjølv om bondesønene opplevde det som å gå lukt inn i eit glødande helvete, har fabrikken holdt liv i folk i nesten 100 år.

Tusenvis av føtter har gått gjennom portane. Generasjon etter generasjon etter generasjon. Føremiddag. Ettermiddag. Natt. Eit eige kretslaup der Smelteverket var sjølve hjarta.

No har hjartet slutta å slå. Ovnen er kald og kontrollromma tomme. Alt er berre støv. Alt er berre stille. Men det finst spor - av liv, slik det var innafor portane, - av personlegdom og identitet, slik ho eller han var: Smelteverksarbeidaren.

Og kanskje høyrest eit ekko av fabrikken sine eigne andedrag, der den står og stirer ut i dagar og netter med lett tilslørte ruter, og ventar på dei som aldri kjem att.

Kanskje er det spor og ekko ”Fragmenter” har fanga inn, noko som er borte, men ikkje heilt. Noko som er taust, men likevel ikkje stille. Bileta har sitt eige språk som fortset der orda stilnar.

Tone Mannsåker
Odda
Morten Gjerde -
Morten Gjerde
 Morten Gjerde -
Morten Gjerde

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu