Utstillingsinfo
- Periode13.04.00 - 13.04.00
Vidare kom Krogvold med kritikk av det norske samfunnet og spesielt den norske skulen, som etter hans meining, ikkje let folk få bruke sine kreative evner fritt. Her trakk han fram historiske døme som Hamsun, Undseth og Ibsen. Det er tydeleg at Krogvold ønskjer meir varme og kreativitet i samfunnet. Men kven ynskjer ikkje det?
Former er det som ligg til grunn for gjenkjenning av alt her i verda. Tek du bort all kunnskap, er det berre former igjen. Mennesket har alltid prøvd å skape vakre former. Det underlege er at desse formene er omlag dei same no, som for over 20 000 år sidan. Med dette meiner Krogvold å kunne seie mot at smak og behag ikkje kan diskuterast. Det er visse reglar ein må fylgje for å skape noko som er vakkert for augo.
I delen om estetikk og visuell kommunikasjon kom Krogvold og inn på fargebruk og val av motiv. Dette var tema han berre toucha innom, utan å kome med noko nytt. Om fargebruk snakka han så vidt om at ulike fargar har ulik verknad på menneskesinnet. Om val av motiv, var bodskapen at vi måtte ta meir varierte bilete. Fotografiet i Noreg var vorte for einspora.
I delen om biletbruk, var hovudbodskapen at det vakre for augo, ikkje alltid er det vakre for kameraet, og omvendt. Til dømes vert bilete av solnedgangar sjeldan gode. Det vert for fjernt frå å sjå ein solnedgang i røynda. Vidare viste han to av bileta til Øyvind Hjelmen frå Stord, som døme på at det vakre for kameraet ikkje alltid er det same som det vakre for augo. Bileta var teke på det Krogvold meiner må vere den aller styggaste baren i verda. Val av format er og eit viktig tema innan fotografi, som Krogvold snakka om. Dette er eit valg som må gjerast for kvart enkelt bilete. Du må prøve deg fram med ulike format. Vi fekk og sjå nokre kjende maleri og fotografi, som Krogvold fortalde historia rundt.
Krogvold snakkar gjennom heile foredraget med glød og engasjement, og har difor publikum med seg heile vegen. Problemstillingane han presenterer er interessante, men er ofte einsidig presentert, og manglar ofte refleksjon rundt kvifor det er slik og og forslag til løysingar. Elles er den raude tråden syltynn. Slik som det er visse reglar for kva former som er vakre, er det visse reglar for korleis eit foredrag bør disponerast. Assosiasjonsprinsippet fungerer sjeldan. Alt i alt er dette eit foredrag som utfordrar publikum langt meir enn siste episode av Hotel Cæsar. Med Krogvold sine bastante presentasjonar av sine meiningar, all ære til han for at han står for dei og slik skapar debatt, provoserer han fram eigne tankar hjå publikum. Dette er noko få foredragshaldarar klarar å gjere.