Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Hard Rain - Our Headlong Collision With Nature

Onsdag 12. september opnar fotoutstillinga Hard Rain på AmS. Dette er fyrste gong Hard Rain blir vist i Noreg. Utstillinga opna i 2006 på Dylan sin 65-års dag i Eden, England, og starta i år verdsturneen på Etnografiska museet i Stockholm.
Hard Rain er ei sterk utstilling og dei musikkinteresserte vil nok minnast tittelen på utstillinga frå den kjende songen til Bob Dylan; A Hard Rain’s A-Gonna Fall.

Songen var ein av dei fyrste protestsongane på 60-talet. Fotograf Mark Edwards fekk i 1969 ein idé om å illustrere metaforane i Dylan sin songtekst Hard Rain i bilete. Han reiste til over 150 land for å fotografere og dokumentere “menneska sin kollisjon med naturen”. 37 år seinare blei resultatet utstillinga Hard Rain. Our headlong collision with nature - ei tankevekkjande samling bilete som illustrerer Dylan sin profetiske tekst.

Temaet for utstillinga er globale klimaendringar og då med særleg fokus på konsekvensane i dei mest sårbare områda i verda. I bileta tek Edwards også opp generell fattigdomsproblematikk. Edwards er grunnleggjar av biletbyrået ”Still Pictures”, eit av dei største byråa i verda med fokus på miljø, natur og global utvikling

I vandreutstillinga har fotograf Edwards overført songen sitt tekstinnhald til moderne samtidsproblematikk. Utstillinga har som mål å inspirere publikum til å ta del i den ytterst aktuelle debatten om globale klimaforandringar og miljøøydeleggingar.

http://www.ark.museum.no/nyheter_2.htm

Mark Edwards/Still Pictures - Refugees from East Pakistan
Refugees from East Pakistan
Mark Edwards/Still Pictures
Refugees from East Pakistan arriving in India during the Bangladesh war in 1971.
Mark Edwards/Still Pictures - Hard Rain, Haiti.
Hard Rain, Haiti.
Mark Edwards/Still Pictures
''And it’s a hard, and it’s a hard,i t’s a hard, it’s a hard, And it’s a hard rain’s a-gonna fall''

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu