Utstillingsinfo
- Periode23.09.07 - 16.12.07
- StedKabuso, Øystese, Hardanger
Stiftinga 3,14 har stor glede av å bringa utstillinga Tina Modotti & Edward Weston: Mexico til våre nordlige trakter, i nært samarbeid med Kabuso. Utstillinga dokumenterer deira kunstnarlege samarbeid og dei produktive åra dei tilbrakte i Mexico. For Weston gjeld dette 19231926, medan Modotti virka som fotograf heilt til ho vart tvungen i eksil i 1930, og sette kurs for Europa.
Begge fotografane var sterkt påverka av møtet med Mexico og kulturen og folket i landet. På kvar sin unike måte fann Modotti og Weston ny og inspirerande meining, for ikkje å seie identitet, som kunstnarar og menneske. Både kvar for seg og saman såg Tina Modotti og Edward Weston for seg at fotografi skulle vera eit kraftfullt og levande verktøy til å påverka haldninga i samtida deira.
Sjå www.kabuso.no for meir info
Pulqueria, Mexico City, 1926.
Edward Weston
Demonstrations by campesinos, Mexico, 1929.
Tina Modotti