Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Fotoutstilling i Sogndal

Åtte fotografar med tilknyting til Sogn og Fjordane syner og sel eit breitt spekter av fotografi - i Gravensteinsgata.
Sogndal Kunstlag har denne gongen gjort eit skup med å få veletablerte kjende fotografar som Jens Hauge og Oddleiv Apneseth til å stille sine svart/kvit poetiske fotografi saman med spennande og talentfulle debutantar som Thomas Morel, Oda Hodlekve og Hilde Bø.
Oskar Andersen stiller med nye fargerike fotografi sterkt inspirert av Dag Alveng. Frans Jacob Krebs gir rust ein heilt ny dimensjon og Tonje Skinner får noko så banalt som ein flatbrødhaug til å bli stor, men stillferdig kunst.

Denne spenstige fotoutstillinga er absolutt verdt eit besøk. Sogndal Kunstlag lover noko for ein kvar smak - og lommebok.
Thomas Morel -
Thomas Morel

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu