Utstillingsinfo
- Periode26.08.08 - 26.09.08
- StedUniversitetsbiblioteket i Bergen, Bergen
- Prosjektet Dekalogen -
Antologien Dekalogen (Jørn Øyrehagen Sunde, red.) er ei samling rettshistoriske essay knytt til dei ti bodorda. Desse har eit innhald som er vidare enn det kristne og religiøse. Behovet for heilaggjering, for vern om liv og eigedom, for sanning og truskap er allmennmenneskelege fenomen. Dei ti bodorda kan fortelje oss noko om tilhøvet mellom rett og religion, om vår kulturarv, men òg om allmennmenneskelege førestillingar som ligg til grunn for det mellommenneskelege samkvemmet. Det er dette perspektivet som ligg til grunn for dei 13 rettshistoriske essaya i Dekalogen.
- Bileta -
I boka er kvart essay illustrert med eit fotografi av Eirik Holmøyvik. Dei ti bodorda vart skrivne for menneska som reglar for mellommenneskeleg samkvem. Vi kjenner dei ti bodorda gjennom dei språklege uttrykka for dei; som skriftlege eller munnlege imperativ. Men vi menneske har eit vidare kommunikasjonsregister enn berre språket. Det mest grunnleggjande og primitive kommunikasjonsverktyet vårt er henda våre. Det er ved hjelp av hender – denne mest menneskelege av alle kroppsdelar – at bileta til Dekalogen søkjer å formidle bodskapen i dei ti bodorda.
Bileta er framstilt på handlaga japansk Washi-papir. Kvart ark er unikt, akkurat som essaya i Dekalogen.
- Utstillinga -
Boklanseringa og utstillingsopninga tek til kl. 14.00 med at redaktør Jørn Øyrehagen Sunde ønskjer velkomen og i korte drag forklarar grunntanken bak prosjektet som leia fram til utgjevinga av Dekalogen - 13 essay om individ og samfunn i skjeringspunktet mellom rett og religion. Deretter vil stortingsrepresentant Odd Einar Dørum snakka om rett og religion i høve til samfunns- og historieforståing, og i høve til allmenndanning. Så vil folkemusikar Benedicte Maurseth spela undringsmelodiar frå 1600-talet før fotograf Eirik Holmøyvik opnar utstillinga med eigne fotografi.
Universitetsbiblioteket i Bergen, avdeling for humaniora held til på Nygårdshøyden, nærare bestemt på Håkon Shetlings plass 7. Bileta heng på veggen mot kafeen ved inngangen til biblioteket. Utstillinga står ein månad.
__________________________________
For fleire bilete av Eirik Holmøyvik, sjå:
http://www.luguber.net.
Det 1. bodordet: Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.
Eirik Holmøyvik
Det 4. bodordet: Du skal heidre far din og mor di.
Eirik Holmøyvik: